Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 71:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Hos deg, Herre, søkjer eg tilflukt,lat meg aldri bli til skamme!

2. Berg meg og fri meg ut i di rettferd,vend øyret til meg og frels meg!

3. Ver meg eit vern og eit bergdit eg alltid kan koma!Du har sagt at du vil frelsa meg,du er mitt fjell og mi borg.

4. Fri meg, Gud, frå handa til dei lovlause,frå grepet til dei som fer med urett og vald!

5. Du er mi von, min Herre og Gud,mi trøyst frå eg var ung.

6. Frå eg vart fødd, har eg stødd meg til deg,frå mors liv er du min styrke.Eg vil alltid prisa deg.

7. Eg har vorte til eit teikn for mange,du er mi tilflukt og mitt vern.

8. Min munn er full av lovsong,eg syng om din herlegdom dagen lang.

9. Kast meg ikkje bort i alderdoms år,forlat meg ikkje når kreftene tek slutt!

10. Fiendane mine talar om meg,dei som står meg etter livet, held råd.

Les hele kapitlet Salmane 71