Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 7:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein sjiggajon av David. Han song han for Herren på grunn av benjaminitten Kusj.

2. Herre, min Gud, eg søkjer tilflukt hos deg.Frels meg og berg meg frå alle som jagar meg.

3. Lat dei ikkje riva meg sund som løverog dra meg bort utan at nokon bergar meg.

4. Herre, min Gud, om eg har fare slik framat det er urett i mine hender,

5. om eg har gjort vondt mot min venog rana min motstandar utan grunn,

6. så lat fienden jaga meg og nå meg att,trakka mitt liv til jordaog kasta mi ære i støvet. Sela

7. Reis deg, Herre, i din vreide,stå opp mot fiendane som rasar mot meg!Vakna, min Gud, du som stemner til doms.

8. Lat folka samla seg kring deg,ta ditt sete over dei i det høge!

9. Herren dømmer folka.Gjev meg min rett, Herre,for eg er rettferdig og heil i mi ferd.

10. Gjer ende på vondskapen til dei som gjer urett,men lat den rettferdige bli ståande,du som prøver hjarte og nyrer,du rettferdige Gud.

11. Gud er mitt skjold,han frelser dei ærlege av hjartet.

Les hele kapitlet Salmane 7