Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 69:26-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Lat leiren deira liggja i øyde,lat ingen bu i deira telt.

27. For dei jagar etter dei du har slege,og aukar smerta hos dei du har såra.

28. Legg skuld til den skulda dei har,lat dei ikkje få del i di rettferd!

29. Lat dei strykast ut av livsens bokog ikkje skrivast inn med dei rettferdige.

30. Men eg er hjelpelaus og lidande,Gud, hjelp meg og vern meg!

31. Eg vil prisa Guds namn med songog hylla han med lovsong.

32. Det gleder Herren meir enn stutar,meir enn oksar med horn og klauver.

33. Dei hjelpelause ser det og blir glade.Må hjartet dykkar leva, de som søkjer Gud!

34. For Herren høyrer på dei fattige,han foraktar ikkje sine eigne når dei er fangar.

35. Lat himmelen og jorda prisa han,havet og alt som rører seg der.

36. For Gud skal berga Sionog byggja opp byane i Juda.Dei skal bu der og eiga landet.

Les hele kapitlet Salmane 69