Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 69:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Etter «Liljene». Av David.

2. Frels meg, Gud!Vatnet når meg til halsen.

3. Eg har sokke ned i myr og djup,foten finn ikkje feste.Eg er komen ut på djupt vatn,flaumen skyl over meg.

4. Eg er trøytt av å ropa,halsen er hås,auga sloknar,eg har venta på min Gud.

5. Dei som hatar meg utan grunn,er fleire enn håra eg har på hovudet.Mine svikefulle fiendar er mange,dei som vil gjera ende på meg.Det eg ikkje har røva,må eg likevel gje tilbake.

6. Gud, du veit kor dum eg er,mine brot er ikkje løynde for deg.

7. Lat ikkje dei som vonar på deg,Herre Gud Sebaot,bli til skamme på grunn av meg!Lat ikkje dei som søkjer deg,skjemmast på grunn av meg, Israels Gud!

8. For di skuld har eg bore spott,andletet er dekt av skam.

9. Eg har vorte ein framand for mine brør,ein ukjend for sønene til mor mi.

10. Brennande iver for ditt hus har tært meg opp.På meg fall spottorda frå dei som spottar deg.

11. Eg gret og fasta,då vart eg spotta.

Les hele kapitlet Salmane 69