Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 68:5-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Syng for Gud! Lovsyng hans namn!Rydd veg for han som rid gjennom øydemark! Herren er hans namn. Jubla for han!

6. Gud i sin heilage bustader far for farlause, forsvarar for enkjer.

7. Gud lèt einsame finna ein heim,han fører fangar ut til lukke og trivsel,men opprørarar må bu i eit audt og avsvidd land.

8. Gud, då du drog ut framfor folket ditt,då du skreid fram gjennom ørkenen, Sela

9. då skalv jorda, og det draup frå himmelenfor Gud, Sinais Gud, Israels Gud.

10. Du lét regnet strøyma, Gud,ditt utarma land gav du styrke.

11. Der fekk flokken din slå seg ned.Gud, du sørgde for dei hjelpelause, for du er god.

12. Herren sender ut eit ord,stor er skaren av kvinner som kjem med gledebod:

13. «Kongar over hærar flyktar, dei flyktar!Kvinnene heime deler bytte.

Les hele kapitlet Salmane 68