Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 68:16-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Basan-fjellet er eit gudefjell,Basan-fjellet med høge tindar.

17. Høge tindar, kvifor ser de skeivttil fjellet som Gud ville ha til bustad,der Herren vil bu for alltid?

18. Guds vogner er ti tusen gonger tusen,Herren er mellom dei, heilag som på Sinai.

19. Du steig opp i det høge, førte bort fangar,tok gåver blant menneska, jamvel opprørarar,så du kunne bu der, Herre og Gud.

20. Velsigna er Herren dag etter dag!Gud er vår redning, han ber oss. Sela

21. Vår Gud er ein Gud som frelser,hos Gud Herren er det utveg frå døden.

22. Men Gud knuser hovudet på sine fiendar,den hårete skallen på dei som stadig lever i skuld.

23. Herren seier: «Eg fører deg tilbake frå Basan,eg fører deg tilbake frå havsens djup,

24. så foten din kan vassa i blodog tunga til hundane dinefå sin del av fienden.»

25. Folk har sett ditt festtog, Gud,festtoget til min Gud og konge i hans heilagdom.

26. Songarar går føre,bak går dei som spelar harpe,i midten unge jenter som slår på tromme.

27. Lovpris Gud, kor mot kor,lov Herren, de som er av Israels kjelde!

28. Der er Benjamin, den yngste,som herskar over dei,Judas hovdingar i flokkog hovdingane i Sebulon og Naftali.

29. Gud, vis din styrke,vis deg sterk, Gud, slik vi før har sett.

30. Fordi ditt tempel ragar over Jerusalem,kjem kongar til deg med gåver.

31. Du skal truga villdyret i sivet,flokken av oksar og kalvane til folka!Trakk ned dei som traktar etter sølv,sprei folk som vil strid!

32. Dei skal koma med bronse frå Egypt,i hast strekkjer Kusj hendene mot Gud.

33. Syng for Gud, de kongerike på jorda,syng og spel for Herren, Sela

Les hele kapitlet Salmane 68