Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 68:10-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Du lét regnet strøyma, Gud,ditt utarma land gav du styrke.

11. Der fekk flokken din slå seg ned.Gud, du sørgde for dei hjelpelause, for du er god.

12. Herren sender ut eit ord,stor er skaren av kvinner som kjem med gledebod:

13. «Kongar over hærar flyktar, dei flyktar!Kvinnene heime deler bytte.

14. Sjølv til dykk som låg mellom sauene,er det duevenger dekte med sølv,vengefjører av grønt gull.

15. Då Den veldige spreidde kongane,snødde det på Salmon-fjellet.»

16. Basan-fjellet er eit gudefjell,Basan-fjellet med høge tindar.

17. Høge tindar, kvifor ser de skeivttil fjellet som Gud ville ha til bustad,der Herren vil bu for alltid?

18. Guds vogner er ti tusen gonger tusen,Herren er mellom dei, heilag som på Sinai.

19. Du steig opp i det høge, førte bort fangar,tok gåver blant menneska, jamvel opprørarar,så du kunne bu der, Herre og Gud.

20. Velsigna er Herren dag etter dag!Gud er vår redning, han ber oss. Sela

Les hele kapitlet Salmane 68