Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 68:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Av David. Ein salme. Ein song.

2. Gud skal reisa seg, hans fiendar bli spreidde,dei som hatar han, skal rømma for han.

3. Slik røyk driv bort, skal du driva dei bort.Slik voks må smelta for elden,går dei urettferdige til grunne for Gud.

4. Men dei rettferdige skal gleda seg,fryda seg for Guds andlet og jubla av glede.

5. Syng for Gud! Lovsyng hans namn!Rydd veg for han som rid gjennom øydemark! Herren er hans namn. Jubla for han!

6. Gud i sin heilage bustader far for farlause, forsvarar for enkjer.

7. Gud lèt einsame finna ein heim,han fører fangar ut til lukke og trivsel,men opprørarar må bu i eit audt og avsvidd land.

8. Gud, då du drog ut framfor folket ditt,då du skreid fram gjennom ørkenen, Sela

9. då skalv jorda, og det draup frå himmelenfor Gud, Sinais Gud, Israels Gud.

Les hele kapitlet Salmane 68