Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 66:9-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Han held oss i liveog lèt ikkje våre føter vakla.

10. For du har prøvd oss, Gud,reinsa oss som dei reinsar sølv.

11. Du lét oss gå i garnet,du la ei bør av motgang på våre hofter.

12. Du lét menneske ri over våre hovud,vi gjekk gjennom eld og vatn.Så førte du oss ut til overflod.

13. Eg kjem med brennoffer til ditt hus,eg vil halda det eg lova deg,

14. det leppene tala,det munnen sa då eg var i naud.

15. Eg gjev deg feite dyr som brennoffersaman med røyken av vêrar.Eg ofrar både oksar og bukkar. Sela

16. Kom og høyr, alle de som fryktar Gud,eg skal fortelja kva han har gjort mot meg.

17. Min munn ropa til han,på tunga var det lovsong.

Les hele kapitlet Salmane 66