Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 66:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Ein song. Ein salme.Rop med jubel for Gud, all jorda!

2. Spel og syng til ære for hans namn,gjev han pris og ære!

3. Sei til Gud: «Kor skremmande dine gjerningar er!»Fienden kryp for di store makt.

4. Heile jorda skal bøya seg for deg,dei skal spela for deg og lovsyngja ditt namn. Sela

5. Kom og sjå alt Gud har gjort,skremmande er hans gjerningar mellom menneska.

6. Han gjorde sjø til tørt land,gjennom elva gjekk dei til fots.Difor gleder vi oss over han.

7. Han herskar med velde til evig tid,hans auge granskar folkeslag.Ingen opprørar skal reisa seg. Sela

8. De folk, velsign vår Gud!Lat lovsongen lyda for han.

9. Han held oss i liveog lèt ikkje våre føter vakla.

10. For du har prøvd oss, Gud,reinsa oss som dei reinsar sølv.

11. Du lét oss gå i garnet,du la ei bør av motgang på våre hofter.

12. Du lét menneske ri over våre hovud,vi gjekk gjennom eld og vatn.Så førte du oss ut til overflod.

13. Eg kjem med brennoffer til ditt hus,eg vil halda det eg lova deg,

14. det leppene tala,det munnen sa då eg var i naud.

15. Eg gjev deg feite dyr som brennoffersaman med røyken av vêrar.Eg ofrar både oksar og bukkar. Sela

Les hele kapitlet Salmane 66