Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 63:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein salme av David, då han var i Juda-ørkenen.

2. Gud, du er min Gud, som eg søkjer.Mi sjel tørstar etter deg,min kropp lengtar etter degi eit vasslaust, tørt og utarma land.

3. I heilagdomen skoda eg deg,eg såg di makt og din herlegdom.

4. For di miskunn er betre enn livet.Leppene mine skal syngja din pris.

5. Slik vil eg velsigna deg heile mitt livog lyfta hendene i ditt namn.

6. Eg blir metta som med feite retter,med jublande lepper prisar eg deg.

7. Eg tenkjer på deg der eg ligg og kviler,og grundar på deg gjennom natta.

8. For du har vore ei hjelp for meg,eg jublar i skuggen av dine venger.

9. Eg held fast ved deg,di høgre hand grip tak i meg.

10. Men det går ille med deisom står meg etter livet,dei skal fara ned i jordedjupet.

11. Dei skal gjevast over til sverdetog bli til rov for sjakalar.

Les hele kapitlet Salmane 63