Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 59:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam. Av David, då Saul sende folk som skulle vakta på huset for å drepa han.

2. Gud, fri meg frå fiendar,vern meg mot dei som reiser seg mot meg!

3. Fri meg frå dei som gjer urett,frels meg frå drapsmenn!

4. No ligg dei og lurer på meg.Dei sterke kastar seg over meg,men brot eller synder har eg ikkje gjort, Herre.

5. Eg er utan skuld,men dei spring fram og stiller opp til strid.Vakna, kom til meg og sjå!

6. Gud, Herre Sebaot, du er Israels Gud.Vakna og hald rekneskap med alle folk,ver ikkje nådig mot dei som fer med urett og svik! Sela

Les hele kapitlet Salmane 59