Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 5:8-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Men ved di store miskunnkan eg gå inn i ditt hus.Eg kastar meg ned i ærefrykt for deg,vend mot ditt heilage tempel.

9. Herre, lei meg i di rettferdså fienden ikkje når meg.Gjer vegen din jamn for meg!

10. For det finst ikkje sanning i deira munn,forderva er deira indre.Strupen er ei open grav,og tunga er glatt.

11. Gud, lat dei bøta for si skuld,lat dei falla for sine eigne planar!Driv dei bort og sprei dei,syndene deira er mange.For dei har trassa deg.

12. Men alle som søkjer tilflukt hos deg, skal gleda seg,alltid skal dei jubla.Du vernar dei. Dei frydar seg i deg,dei som elskar ditt namn.

13. For du, Herre, velsignar den rettferdige,du dekkjer han med nåde som skjold.

Les hele kapitlet Salmane 5