Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 5:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Med fløytespel. Ein salme av David.

2. Herre, høyr mine ord!Lytt til mi klage!

3. Høyr mitt rop om hjelp,min konge og min Gud,for eg bed til deg.

4. Herre, om morgonen høyrer du mi røyst,tidleg ber eg fram mitt offer og ventar.

5. Du er ein Gud som ikkje toler urett.Ingen vonde får bu hos deg.

6. Dei hovmodige får ikkje stiga fram for dine auge.Du hatar alle som gjer vondt,

7. du gjer ende på dei som talar løgn. Herren avskyr drapsmenn og svikarar.

8. Men ved di store miskunnkan eg gå inn i ditt hus.Eg kastar meg ned i ærefrykt for deg,vend mot ditt heilage tempel.

9. Herre, lei meg i di rettferdså fienden ikkje når meg.Gjer vegen din jamn for meg!

Les hele kapitlet Salmane 5