Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 49:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein salme.

2. Høyr dette, alle folk,lyd etter, alle som bur i verda,

3. høg og låg, rik og fattig!

4. Min munn talar visdom,det hjartet tenkjer, er forstand.

5. Eg vil venda mitt øyre til visdomsord,tyda mi gåte til klangen frå lyra.

6. Kvifor frykta i vonde dagar,når eg blir kringsett av svikarars vondskap?

7. Dei set si lit til sitt godsog skryter av sin store rikdom.

8. Ingen kan kjøpa fri ein bror,ingen kan gje Gud løysepengar for han.

9. Det er kostbart å kjøpa livet hans fri,det må ein gje opp for alltid.

Les hele kapitlet Salmane 49