Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 47:2-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Klapp i hendene, alle folk,lyft jubelrop til Gud!

3. For Herren, Den høgste, er verd å frykta,ein stor konge over heile jorda.

4. Han legg folkeslag under oss,folk legg han under våre føter.

5. Han vel ut eit land for oss,ein stolt arv for Jakob, som han elskar. Sela

6. Gud stig opp til jubelrop, Herren stig opp medan horna gjallar.

7. Syng for Gud, ja, syng og spel,syng og spel for vår konge!

8. For Gud er konge over heile jorda.Syng ein song som gjer vis!

9. Gud er konge over folka,Gud har sett seg på si heilage trone.

Les hele kapitlet Salmane 47