Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 45:12-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. for kongen attrår din venleik.Han er din herre, bøy deg ned for han!

13. Tyros' dotter og dei rike i folketskal søkja din gunst med gåver.

14. Fullkomen, herleg trer kongsdottera inn,kjolen hennar er gjennomvoven med gull.

15. I fargerik bunad blir ho leidd til kongen.Unge jenter er bak henne,veninnene hennar blir førte fram for deg.

16. Dei blir leidde inn med fryd og glede,dei går inn i kongens slott.

17. Sønene dine skal koma i staden for fedrane,set dei til hovdingar kringom i landet!

18. Frå slekt til slekt vil eg minnast ditt namn,difor skal folka lova deg til evig tid.

Les hele kapitlet Salmane 45