Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 45:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Etter «Liljene». Av Korah-songarane. Ein læresalme. Ein song om kjærleik.

2. Mitt hjarte strøymer over av gode ord,eg diktar mine songar for kongen.Tunga er lik pennen til ein dyktig skrivar.

3. Du er den fagraste av menneske,vakker tale er lagd på dine lepper.Difor har Gud velsigna deg for alltid.

4. Spenn sverdet fast ved hofta, du krigar,i di høgd og din herlegdom!

5. Vinn siger i din herlegdom!Ri ut til strid for sanning, mildskap og rett!Di høgre hand lèt deg sjå skremmande gjerningar.

6. Pilene dine er kvasse, folkeslag stuper for deg.Kongens fiendar er råka i hjartet.

7. Din kongsstol, Gud, står til evig tid,din kongsstav er rettferds stav.

8. Du har elska rettferd og hata urett.Difor har Gud, din Gud,salva deg med gledes olje framfor dine vener.

9. Du er sveipt i angen frå myrra, aloe og kassia.Strengespel frå elfenbeinshallar gjev deg glede.

Les hele kapitlet Salmane 45