Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 42:5-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Dette minnest eg,min lengsel vell fram:Til Guds hus vandra eg i festskarenmed jubelrop og lovsong– ein pilegrimsskare i fest.

6. Kvifor er du sorgtyngd, mi sjel,kvifor er du uroleg?Eg vil venta på Gud!Endå ein gong skal eg prisa han,min frelsar og min Gud.

7. Eg er sorgtyngd,difor går min tanke til degfrå Jordan- og Hermonlandet,frå berget Misár.

8. Djup ropar til djupnår dine fossar durar.Alle dine bølgjer og brotslår over meg.

9. Herren sender si miskunn om dagen,songen hans er hos meg om natta,ei bøn til mitt livs Gud.

10. Eg seier til Gud, mitt berg:«Kvifor har du gløymt meg,kvifor må eg gå og sørgjamedan fienden plagar meg?»

11. Mine fiendars hån går gjennom merg og bein.Dagen lang spør dei meg: «Kvar er din Gud?»

12. Kvifor er du sorgtyngd, mi sjel,kvifor er du uroleg?Eg vil venta på Gud!Endå ein gong skal eg prisa han,min frelsar og min Gud.

Les hele kapitlet Salmane 42