Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 41:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Ein salme av David.

2. Sæl er den som har omsorg for dei veike.På ulukkedagen friar Herren han ut.

3. Herren vernar han og held han i live.lukkeleg er han i landet.Du overgjev han ikkje til grådige fiendar!

4. Herren styrkjer han i sjukdomen;du forvandlar leiet hans når han er sjuk.

5. Men eg seier: «Herre, ver meg nådig;læk meg, for eg har synda mot deg!»

6. Fienden talar vondt om meg:«Når skal han døy og namnet hans gå til grunne?»

Les hele kapitlet Salmane 41