Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 40:5-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Sæl er densom set si lit til Herren,som ikkje vender seg til dei stolte,til dei som fell frå i løgn.

6. Store ting har du gjort for oss, Herre, min Gud,underfulle verk og planar,ingen er din like.Vil eg fortelja og tala om dei,er dei for mange til å reknast.

7. Du har ikkje glede i offer og gåver– du har opna mine øyre –brennoffer og syndoffer krev du ikkje.

8. Då sa eg: «Sjå, her kjem eg.I bokrullen er det skrive om meg.

9. Min Gud, å gjera din vilje gjev meg glede,di lov er djupt i mitt indre.»

10. Eg forkynte rettferdi den store forsamlinga.Eg heldt ikkje att mi tunge, Herre, du veit det.

11. Di rettferd heldt eg ikkje skjult i hjartet,eg tala om din truskap og di frelse.Eg løynde ikkje di miskunn og di sanningi den store forsamlinga.

Les hele kapitlet Salmane 40