Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 40:13-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. For tallause ulukker omgjev meg,mine synder har nådd meg att,eg kan ikkje sjå.Dei er fleire enn håra på hovudet,motet har svikta meg.

14. Vis godvilje, Herre, og fri meg ut! Herre, skund deg og hjelp meg!

15. Lat alle som står meg etter livet,bli til skamme og til spott!Lat dei som vil meg vondt,dra seg tilbake utan ære!

16. Dei som ler og håner meg,skal bli slegne av skam.

17. Lat alle som søkjer deg,fryda og gleda seg i deg!Lat dei som elskar di frelse,alltid seia: «Stor er Herren!»

18. Men eg er hjelpelaus og fattig. Herren skal tenkja på meg.Du er mi hjelp, du bergar meg.Dryg ikkje lenger, min Gud!

Les hele kapitlet Salmane 40