Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 40:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Ein salme av David.

2. Eg venta og vona på Herren.Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop.

3. Han drog meg opp or den tynande grav,opp av den djupe gjørma.Han sette mine føter på fjellog gjorde mine steg faste.

4. Han la ein ny song i min munn,ein lovsong til vår Gud.Mange skal sjå det og ottastog setja si lit til Herren.

5. Sæl er densom set si lit til Herren,som ikkje vender seg til dei stolte,til dei som fell frå i løgn.

6. Store ting har du gjort for oss, Herre, min Gud,underfulle verk og planar,ingen er din like.Vil eg fortelja og tala om dei,er dei for mange til å reknast.

7. Du har ikkje glede i offer og gåver– du har opna mine øyre –brennoffer og syndoffer krev du ikkje.

8. Då sa eg: «Sjå, her kjem eg.I bokrullen er det skrive om meg.

Les hele kapitlet Salmane 40