Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 39:5-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. «Herre, lær meg at eg skal døy,kor få og tilmålte mine dagar er,så eg kan skjøna at mitt liv tek slutt.»

6. Sjå, ei handfull levedagar har du gjeve meg,mi levetid er som ingenting for deg,kvart menneske er eit pust. Sela

7. Som skuggebilete går dei omkring.Fåfengt uroar dei seg.Dei samlar i hop, men veit ikkje kven som skal ha det.

8. Men no, Herre, kva skal eg venta på?Berre til deg står mi von.

9. Fri meg frå alle mine synder!Gjer meg ikkje til spott for dårar!

10. Eg teier. Eg lèt ikkje opp munnen,for dette er ditt verk.

11. Ta bort den plaga du la på meg!Eg går til grunne når du slår med di hand.

12. Du refsar og straffar ein mann for hans synd,som møllen ét du det han har kjært.Mennesket er eit pust. Sela

13. Herre, høyr mi bøn og lytt til mitt rop,ver ikkje døv når eg græt!For eg er ein heimlaus hos deg,ein framand som alle mine fedrar.

Les hele kapitlet Salmane 39