Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 39:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. For Jedutun. Ein salme av David.

2. Eg sa: «Eg vil vakta min vegså eg ikkje syndar med tunga,eg vil setja munnkorg på meg sjølvså lenge lovlause står framfor meg.»

3. Eg vart mållaus og still,eg tagde til inga nytte.Mi smerte vart verre.

4. Hjartet brann inni meg,elden flamma opp medan eg stønna.Eg sa med mi tunge:

5. «Herre, lær meg at eg skal døy,kor få og tilmålte mine dagar er,så eg kan skjøna at mitt liv tek slutt.»

6. Sjå, ei handfull levedagar har du gjeve meg,mi levetid er som ingenting for deg,kvart menneske er eit pust. Sela

7. Som skuggebilete går dei omkring.Fåfengt uroar dei seg.Dei samlar i hop, men veit ikkje kven som skal ha det.

8. Men no, Herre, kva skal eg venta på?Berre til deg står mi von.

9. Fri meg frå alle mine synder!Gjer meg ikkje til spott for dårar!

Les hele kapitlet Salmane 39