Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 38:12-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Vener og dei som står meg nær,held seg borte frå mi plage,mine næraste held seg langt unna.

13. Dei som står meg etter livet,set snarer for meg.Dei som vil meg vondt, talar om å skada meg,dei grundar dagen lang på svik.

14. Men eg er lik ein døv, eg høyrer ikkje,eg er lik ein mållaus som ikkje opnar munnen.

15. Eg er lik ein mann som ikkje høyrerog ikkje har svar i sin munn.

16. Men det er deg, Herre, eg ventar på.Du vil svara meg, Herre, min Gud.

17. Eg sa: Lat dei ikkje gleda seg over megog ikkje briska seg når foten min er ustø.

18. For eg held på å falla,mi smerte står alltid for meg.

19. Ja, eg vedkjenner mi skuldog sørgjer over mi synd.

20. Men fiendane lever og er sterke,dei som hatar meg utan grunn, er mange.

21. Dei som løner godt med vondt, står meg imotfordi eg jagar etter det gode.

22. Herre, forlat meg ikkje!Min Gud, ver ikkje langt borte frå meg!

23. Skund deg og hjelp meg, Herre, mi frelse!

Les hele kapitlet Salmane 38