Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 38:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein salme av David. Til påminning.

2. Herre, refs meg ikkje i din vreide,straff meg ikkje i din harme!

3. For dine piler har råka meg,di hand kviler tungt på meg.

4. I kroppen er ingenting uskadd,for du er harm,ikkje eit bein er heilt,for eg har synda.

5. Skulda veks meg over hovudetlik ei bør som er altfor tung.

6. Eg har sår som luktar og renn av verkpå grunn av min dårskap.

7. Eg er kroket og nedbøygd,eg går og sørgjer dagen lang.

8. Hoftene brenn av smerte,ingenting er friskt i mitt kjøt.

9. Eg er kraftlaus og knust;eg skrik ut mitt hjartes klage.

10. Herre, du kjenner min lengsel,mitt sukk er ikkje løynt for deg.

11. Hjartet hamrar, krafta sviktar,sjølv lyset i auga har forlate meg.

12. Vener og dei som står meg nær,held seg borte frå mi plage,mine næraste held seg langt unna.

13. Dei som står meg etter livet,set snarer for meg.Dei som vil meg vondt, talar om å skada meg,dei grundar dagen lang på svik.

Les hele kapitlet Salmane 38