Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 37:7-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Ver still for Herren og vent på han!Harmast ikkje over den som lukkast med sin veg,den som set i verk vonde planar!He ה

8. Gjev slepp på vreiden, lat harmen liggja!Bli ikkje arg, det fører til det vonde.

9. For valdsmenn skal ryddast ut,men dei som ventar på Herren, skal arva landet.Waw ו

10. Om ei lita stund er den lovlause borte.Ser du etter han der han var, er han ikkje der.

11. Men dei hjelpelause skal arva landetog gleda seg over varig fred.Zajin ז

Les hele kapitlet Salmane 37