Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 37:30-39 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

30. I munnen til den rettferdige er det visdom,hans tunge talar rett.

31. Guds lov er i hans hjarte.Hans fot skal aldri vakla.Tsade צ

32. Den urettferdige vaktar på den rettferdigeog prøver å ta hans liv.

33. Herren overgjev han ikkje i den urettferdiges handog dømmer han ikkje skuldig i retten.Qof ק

34. Vent på Herren og hald deg til hans veg!Han lyfter deg opp så du arvar landet.Du får sjå at dei lovlause blir utrydda.Resj ר

35. Eg såg ein lovlaus valdsmann.Han briska seg som ein frodig seder.

36. Sidan kom eg framom, då var han borte!Eg leita, han var ikkje å finna.Sjin ש

37. Legg merke til den heilhjarta!Sjå på den rettskafne!Det er framtid for den som skaper fred.

38. Men brotsmenn blir utrydda alle som ein,dei lovlause får si framtid hoggen av.Taw ת

39. Dei rettferdige får si hjelp frå Herren,han er deira vern i tider med trengsle.

Les hele kapitlet Salmane 37