Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 37:20-38 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Men dei lovlause går til grunne. Herrens fiendar blir borte som blomeprakta på marka,dei kverv som røyk.Lamed ל

21. Den urettferdige låner og gjev ikkje att,den rettferdige er miskunnsam og gåvmild.

22. Dei Herren velsignar, skal arva landet,dei han forbannar, skal ryddast ut.Mem מ

23. Herren gjer mannens steg fasteog gleder seg over hans veg.

24. Om han fell, går han ikkje over ende,for Herren held hans hand.Nun נ

25. Ung har eg vore, no er eg gammal,aldri har eg sett ein rettferdig forlateneller hans born be om brød.

26. Han er alltid miskunnsam og låner ut,hans born blir ei velsigning.Samek ס

27. Vend deg bort frå det vonde og gjer det gode,så skal du bu trygt for alltid.

28. For Herren elskar det som er rett,han forlèt ikkje sine trugne.Ajin עDei blir haldne oppe til evig tid,men borna til dei urettferdige blir utrydda.

29. Dei rettferdige skal arva landetog alltid få bu i det.Pe פ

30. I munnen til den rettferdige er det visdom,hans tunge talar rett.

31. Guds lov er i hans hjarte.Hans fot skal aldri vakla.Tsade צ

32. Den urettferdige vaktar på den rettferdigeog prøver å ta hans liv.

33. Herren overgjev han ikkje i den urettferdiges handog dømmer han ikkje skuldig i retten.Qof ק

34. Vent på Herren og hald deg til hans veg!Han lyfter deg opp så du arvar landet.Du får sjå at dei lovlause blir utrydda.Resj ר

35. Eg såg ein lovlaus valdsmann.Han briska seg som ein frodig seder.

36. Sidan kom eg framom, då var han borte!Eg leita, han var ikkje å finna.Sjin ש

37. Legg merke til den heilhjarta!Sjå på den rettskafne!Det er framtid for den som skaper fred.

38. Men brotsmenn blir utrydda alle som ein,dei lovlause får si framtid hoggen av.Taw ת

Les hele kapitlet Salmane 37