Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 37:18-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Herren kjenner dagane til dei heilhjarta,deira arv skal vara til evig tid.

19. Dei blir ikkje til skamme i vonde tider,når det er hungersnaud, får dei eta seg mette.Kaf כ

20. Men dei lovlause går til grunne. Herrens fiendar blir borte som blomeprakta på marka,dei kverv som røyk.Lamed ל

21. Den urettferdige låner og gjev ikkje att,den rettferdige er miskunnsam og gåvmild.

22. Dei Herren velsignar, skal arva landet,dei han forbannar, skal ryddast ut.Mem מ

23. Herren gjer mannens steg fasteog gleder seg over hans veg.

24. Om han fell, går han ikkje over ende,for Herren held hans hand.Nun נ

25. Ung har eg vore, no er eg gammal,aldri har eg sett ein rettferdig forlateneller hans born be om brød.

26. Han er alltid miskunnsam og låner ut,hans born blir ei velsigning.Samek ס

27. Vend deg bort frå det vonde og gjer det gode,så skal du bu trygt for alltid.

Les hele kapitlet Salmane 37