Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 37:18-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Herren kjenner dagane til dei heilhjarta,deira arv skal vara til evig tid.

19. Dei blir ikkje til skamme i vonde tider,når det er hungersnaud, får dei eta seg mette.Kaf כ

20. Men dei lovlause går til grunne. Herrens fiendar blir borte som blomeprakta på marka,dei kverv som røyk.Lamed ל

21. Den urettferdige låner og gjev ikkje att,den rettferdige er miskunnsam og gåvmild.

22. Dei Herren velsignar, skal arva landet,dei han forbannar, skal ryddast ut.Mem מ

23. Herren gjer mannens steg fasteog gleder seg over hans veg.

24. Om han fell, går han ikkje over ende,for Herren held hans hand.Nun נ

25. Ung har eg vore, no er eg gammal,aldri har eg sett ein rettferdig forlateneller hans born be om brød.

Les hele kapitlet Salmane 37