16. Det vesle den rettferdige eig,er betre enn den store rikdomen til dei urettferdige.
17. For armane på dei urettferdige skal brytast,men Herren held oppe dei rettferdige.Jod י
18. Herren kjenner dagane til dei heilhjarta,deira arv skal vara til evig tid.
19. Dei blir ikkje til skamme i vonde tider,når det er hungersnaud, får dei eta seg mette.Kaf כ
20. Men dei lovlause går til grunne. Herrens fiendar blir borte som blomeprakta på marka,dei kverv som røyk.Lamed ל
21. Den urettferdige låner og gjev ikkje att,den rettferdige er miskunnsam og gåvmild.
22. Dei Herren velsignar, skal arva landet,dei han forbannar, skal ryddast ut.Mem מ
23. Herren gjer mannens steg fasteog gleder seg over hans veg.
24. Om han fell, går han ikkje over ende,for Herren held hans hand.Nun נ