Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 36:8-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Kor verdfull din kjærleik er, Gud!I skuggen av dine venger søkjer menneskeborna ly.

9. Dei får nyta overfloda i ditt hus,du lèt dei drikka av gledebekken din.

10. For hos deg er livsens kjelde,i ditt lys ser vi lys.

11. Lat di miskunn vara for dei som kjenner deg,di rettferd for dei ærlege av hjartet.

12. Lat ikkje foten til den stolte trø meg ned!Handa til den lovlause skal ikkje jaga meg bort.

13. Der ligg dei, dei som gjer urett.Dei er støytte ned og kan ikkje reisa seg.

Les hele kapitlet Salmane 36