Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 35:6-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Gjev deira veg blir mørk og glattnår Herrens engel jagar dei.

7. For utan grunn har dei spent ut sitt garn,utan grunn har dei grave ei fallgrav for meg.

8. Måtte ulukka koma uventa over han.Måtte garnet han spente ut, fanga han sjølv.Måtte han falla i ulukke!

9. Men eg skal jubla i Herrenog gleda meg over hans frelse.

10. Kvart bein i kroppen skal seia:«Herre, kven er som du,du bergar den hjelpelausefrå den som er sterkare enn han,ein fattig stakkarfrå den som ranar han.»

11. Falske vitne reiser seg,dei spør meg om slikt eg ikkje veit.

12. Dei løner godt med vondt,eg sit att åleine.

13. Men eg kledde meg i sekkestrie då dei var sjuke.Eg plaga meg med fasteog bad med hovudet bøygd

14. som for ein ven eller bror.Lik ein som sørgjer over mor si,gjekk eg nedbøygd i svarte klede.

15. Men når eg snåvar,blir dei glade og samlar seg.Dei samlar seg mot meg for å slåutan at eg veit om det,dei riv og slit utan stans.

16. Ugudelege som dei er,spottar og håner dei,dei skjer tenner mot meg.

17. Herre, kor lenge vil du sjå på?Berg mitt liv frå herjingane deira,det einaste eg har, frå løvene!

18. Eg vil prisa deg i den store forsamlinga,i folkemengda vil eg lova deg.

19. Lat ikkje mine svikefulle fiendargleda seg over meg!Dei som hatar meg utan grunn,skal ikkje få senda meg hånlege blikk.

Les hele kapitlet Salmane 35