Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 35:11-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Falske vitne reiser seg,dei spør meg om slikt eg ikkje veit.

12. Dei løner godt med vondt,eg sit att åleine.

13. Men eg kledde meg i sekkestrie då dei var sjuke.Eg plaga meg med fasteog bad med hovudet bøygd

14. som for ein ven eller bror.Lik ein som sørgjer over mor si,gjekk eg nedbøygd i svarte klede.

15. Men når eg snåvar,blir dei glade og samlar seg.Dei samlar seg mot meg for å slåutan at eg veit om det,dei riv og slit utan stans.

16. Ugudelege som dei er,spottar og håner dei,dei skjer tenner mot meg.

17. Herre, kor lenge vil du sjå på?Berg mitt liv frå herjingane deira,det einaste eg har, frå løvene!

18. Eg vil prisa deg i den store forsamlinga,i folkemengda vil eg lova deg.

19. Lat ikkje mine svikefulle fiendargleda seg over meg!Dei som hatar meg utan grunn,skal ikkje få senda meg hånlege blikk.

20. For dei talar ikkje venleg,men tenkjer ut svikefulle planarmot dei stille i landet.

21. Dei sperrar opp munnen imot megog ler hånleg: «Vi har sett det med eigne auge!»

22. Du ser det, Herre. Tei ikkje!Herre, ver ikkje langt borte frå meg!

23. Vakna og hjelp meg til min rett,min Gud og Herre, før mi sak!

24. Døm meg etter di rettferd, Herre, min Gud.Lat dei ikkje gleda seg over meg!

25. Dei skal ikkje le og tenkja: «Som vi ønskte!»Dei skal ikkje seia: «Vi har slukt han.»

26. Alle som gler seg over mi ulukke,skal bli til spott og skam.Dei som ser ned på meg,skal kle seg i skam og vanære.

Les hele kapitlet Salmane 35