Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 33:12-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Sælt er det folk som har Herren til Gud,det folk han har valt til sin eigedom!

13. Herren skodar ned frå himmelen,han ser alle menneske.

14. Frå sin bustad ser han nedpå alle som bur på jorda.

15. Han har forma deira hjarte,alle deira gjerningar kjenner han.

16. Kongen blir ikkje redda av stor styrke,stridsmannen blir ikkje berga av stor kraft.

17. Hesten gjev falske voner om hjelp,med sin store styrke bergar han ingen.

18. Men Herrens auge kviler på deisom fryktar han og ventar på hans miskunn,

19. så han kan fria dei frå dødenog halda dei i live gjennom hungersnaud.

20. Vår sjel ventar på Herren;han er vår hjelp og vårt skjold.

21. Vårt hjarte gleder seg i han,vi set vår lit til hans heilage namn.

22. Lat di miskunn vera over oss, Herre!Det er deg vi ventar på.

Les hele kapitlet Salmane 33