Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 33:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Rop av fryd for Herren,de rettferdige!Det er rett at dei rettskafnesyng lovsong.

2. Pris Herren til lyre,spel for han på tistrengja harpe!

3. Syng ein ny song for han,spel vakkert og rop med jubel!

4. For Herrens ord er sant,alt han gjer, kan ein lita på.

5. Han elskar rettferd og rett,jorda er full av Herrens miskunn.

6. Ved Herrens ord vart himmelen skapt,heile himmelhæren ved pusten frå hans munn.

7. Han samla havvatnet som i eit kar,la havsens djup i forråd.

8. Heile verda må frykta Herren,alle som bur på jorda, må skjelva for han.

9. Han tala, og det skjedde,han baud, og det stod der.

10. Herren skiplar rådet folka legg,bryt planane folkeslag tenkjer ut.

Les hele kapitlet Salmane 33