Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 30:4-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Herre, du førte mi sjel opp frå dødsriket,du gav meg liv på nytt då eg var i grava.

5. Spel for Herren, de hans trugne,pris hans heilage namn!

6. Ein augneblink varer hans vreide,heile livet varer hans nåde.Om kvelden kjem gråt som gjest,om morgonen blir det gledesong.

7. Eg kjende meg trygg og sa:«Aldri skal eg vakla!»

8. Herre, i din velviljesette du meg på fast fjell;men så løynde du ditt andlet,eg vart gripen av redsle.

Les hele kapitlet Salmane 30