Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 30:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein salme. Ein song til tempelvigsla. Av David.

2. Eg opphøgjer deg, Herre,for du drog meg opp,du lét ikkje fienden fryda seg over meg.

3. Herre, min Gud, eg ropa til deg,og du lækte meg.

4. Herre, du førte mi sjel opp frå dødsriket,du gav meg liv på nytt då eg var i grava.

5. Spel for Herren, de hans trugne,pris hans heilage namn!

6. Ein augneblink varer hans vreide,heile livet varer hans nåde.Om kvelden kjem gråt som gjest,om morgonen blir det gledesong.

7. Eg kjende meg trygg og sa:«Aldri skal eg vakla!»

8. Herre, i din velviljesette du meg på fast fjell;men så løynde du ditt andlet,eg vart gripen av redsle.

9. Til deg, Herre, ropa eg,eg bad til Herren om nåde:

10. «Kva tener det til at blodet renn,at eg går i grav?Kan vel støvet prisa deg?Kan det forkynna din truskap?

11. Høyr meg, Herre,ver meg nådig! Herre, ver mi hjelp!»

Les hele kapitlet Salmane 30