Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 24:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein salme av David.Jorda og det som fyller henne, høyrer Herren til,verda og dei som bur der, er hans.

2. For han har grunnlagt jorda på havet,grunnfest henne på strøymande vatn.

3. «Kven kan gå opp på Herrens fjell,kven får stå på hans heilage stad?»

4. «Den som har skuldfrie hender og eit reint hjarte,som ikkje lengtar etter løgn og ikkje gjer falsk eid.

5. Han blir velsigna av Herrenog får rettferd frå Gud, sin frelsar.»

6. «Dette er ei slekt som spør etter han,som søkjer ditt andlet, Jakobs Gud.» Sela

7. «Lyft dykkar hovud, de portar,ja, lyft dykk, de eldgamle dører,så kongen, den herlege, kan koma inn!»

8. «Kven er då kongen, den herlege?»«Herren, sterk og mektig, Herren, mektig i strid.»

9. «Lyft dykkar hovud, de portar,ja, lyft dykk, de eldgamle dører,så kongen, den herlege, kan koma inn!»

10. «Kven er han då, kongen, den herlege?»«Herren Sebaot, han er kongen, den herlege.» Sela

Les hele kapitlet Salmane 24