Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 21:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Ein salme av David.

2. Herre! Kongen gler seg over di makt.Høgt jublar han over di frelse.

3. Det hans hjarte ønskte, har du gjeve han,du har ikkje nekta han det hans lepper bad om. Sela

4. Du møter og velsignar han med det som godt er,og set ei krone av reint gull på hans hovud.

5. Han bad deg om liv,du gav han levedagar som aldri tek slutt.

6. Stor er hans ære, for du frelser han,høgd og herlegdom gjev du han.

7. Frå deg får han evig velsigning,du fyller han med fryd når du er nær.

8. For kongen set si lit til Herren.Han vaklar ikkje, for Den høgste er trufast.

9. Di hand skal nå alle dine fiendar,di høgre hand skal nå dei som hatar deg.

10. Du gjer dei til ein logande omn når du syner deg. Herren skal sluka dei i sin vreideog elden eta dei opp.

11. Deira frukt skal du rydda ut frå jorda,deira ætt blant menneskeborna.

12. Når dei legg vonde planar mot degog tenkjer på svik,skal dei ikkje lukkast.

Les hele kapitlet Salmane 21