Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 2:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Kvifor er folkeslag i opprør?Kvifor grundar folka på det som er fåfengt?

2. Kongane på jorda reiser seg,fyrstane slår seg samanmot Herren og den han har salva.

3. «Lat oss slita sund deira lenkjerog kasta reipa av oss!»

4. Han ler, han som tronar i himmelen,Herren spottar dei.

5. Så talar han til dei i sin vreide,i sin harme slår han dei med redsle:

6. «Det er eg som har innsett min kongepå Sion, mitt heilage fjell.»

7. Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.Han sa til meg: «Du er son min, eg har fødd deg i dag.

8. Be meg, så gjev eg deg folka som arvog heile jorda i eige.

9. Du skal knusa dei med jernstav,som ei krukke frå pottemakaren skal du slå dei sund.»

10. Kongar, ver forstandige!lat dykk refsa, de som styrer på jorda.

11. Ten Herren med ærefrykt,gled dykk og skjelv for han!

12. Kyss jorda, så han ikkje blir harmog de går til grunne på vegen.For hans vreide kan lett flamma opp.Sæle er dei som søkjer tilflukt hos han.

Les hele kapitlet Salmane 2