Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 18:37-49 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

37. Du opnar veg for mine steg,anklane mine vaklar ikkje.

38. Eg jagar mine fiendar og tek dei att,eg snur ikkje før eg har gjort ende på dei.

39. Eg knuser dei så dei ikkje kan reisa seg,men ligg falne under mine føter.

40. Du kler meg med styrke til krigenog tvingar mine motstandarar i kne.

41. Du slår mine fiendar på flukt,eg utryddar dei som hatar meg.

42. Dei ropar, men det er ingen frelsar,dei ropar til Herren, men han svarar dei ikkje.

43. Eg knuser dei til støv for vinden,eg trakkar dei ned som søle i gata.

44. Du bergar meg frå folk i strid.Du set meg til hovding over folkeslag.Folk eg ikkje kjende, må tena meg.

45. Dei lyder berre dei høyrer om meg.Framande kryp for meg.

46. Dei framande visnar,skjelvande kjem dei ut or sine borger.

47. Herren lever!Velsigna er mitt berg!Opphøgd er Gud, min frelsar,

48. Gud lèt meg få hemn,han legg folkeslag under meg.

49. Han friar meg frå mine fiendar.Du lyfter meg over dei som står imot meg,og bergar meg frå valdsmenn.

Les hele kapitlet Salmane 18