Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 18:28-39 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

28. Du frelser eit folk i naud,men audmjukar stolte auge.

29. Herre, du tenner mi lampe,min Gud lyser opp mitt mørker.

30. Med deg kan eg storma mot ein krigarflokk,med Guds hjelp kan eg springa over murar.

31. Guds veg er fullkomen, Herrens ord er reint.Han er eit skjold for alle som søkjer tilflukt hos han.

32. For kven er Gud om ikkje Herren,kven er eit berg om ikkje vår Gud,

33. den Gud som kler meg i styrkeog gjer mi ferd heil.

34. Han gjev meg føter som ei hindog lèt meg stå på høgdene.

35. Han lærer opp hendene mine til krig,armane spenner bogen av bronse.

36. Du gjev meg di frelse til skjold,med di høgre hand stør du meg.Du bøyer deg ned og gjer meg stor.

37. Du opnar veg for mine steg,anklane mine vaklar ikkje.

38. Eg jagar mine fiendar og tek dei att,eg snur ikkje før eg har gjort ende på dei.

39. Eg knuser dei så dei ikkje kan reisa seg,men ligg falne under mine føter.

Les hele kapitlet Salmane 18