Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 18:14-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Herren torna i himmelen,Den høgste lét røysta lyda.Hagl og gloande kol!

15. Han skaut sine piler og spreidde dei,han skremde dei med lyn.

16. Rennene på havbotnen kom til syne,grunnvollane under jorda viste segdå du truga, Herre,då du fnyste av vreide.

17. Han rette ut handa frå det høge og greip meg,drog meg opp or veldige vatn.

18. Han berga meg frå min mektige fiendedå dei som hata meg, var for sterke.

19. På ulukkedagen kom dei imot meg,men Herren var mi støtte.

20. Han førte meg ut i ope landog fria meg ut, for han si har glede i meg.

21. Herren gav meg att for mi rettferd,han lønte meg, for mine hender var reine.

22. Eg hadde halde meg til Herrens vegarog ikkje gjort meg skuldig i urett mot min Gud.

23. Alle hans lover hadde eg for auga,hans forskrifter støytte eg ikkje frå meg.

24. For han var eg heil i mi ferd,eg akta meg vel for å synda.

25. Herren lønte meg for mi rettferddå han såg at hendene mine var reine.

26. Du er trufast mot den som er truog heilhjarta mot den som er heil.

27. Du viser deg rein mot den som er rein,men vrang mot den som fer med svik.

28. Du frelser eit folk i naud,men audmjukar stolte auge.

29. Herre, du tenner mi lampe,min Gud lyser opp mitt mørker.

30. Med deg kan eg storma mot ein krigarflokk,med Guds hjelp kan eg springa over murar.

31. Guds veg er fullkomen, Herrens ord er reint.Han er eit skjold for alle som søkjer tilflukt hos han.

32. For kven er Gud om ikkje Herren,kven er eit berg om ikkje vår Gud,

33. den Gud som kler meg i styrkeog gjer mi ferd heil.

34. Han gjev meg føter som ei hindog lèt meg stå på høgdene.

Les hele kapitlet Salmane 18