Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 18:14-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Herren torna i himmelen,Den høgste lét røysta lyda.Hagl og gloande kol!

15. Han skaut sine piler og spreidde dei,han skremde dei med lyn.

16. Rennene på havbotnen kom til syne,grunnvollane under jorda viste segdå du truga, Herre,då du fnyste av vreide.

17. Han rette ut handa frå det høge og greip meg,drog meg opp or veldige vatn.

18. Han berga meg frå min mektige fiendedå dei som hata meg, var for sterke.

19. På ulukkedagen kom dei imot meg,men Herren var mi støtte.

20. Han førte meg ut i ope landog fria meg ut, for han si har glede i meg.

21. Herren gav meg att for mi rettferd,han lønte meg, for mine hender var reine.

22. Eg hadde halde meg til Herrens vegarog ikkje gjort meg skuldig i urett mot min Gud.

23. Alle hans lover hadde eg for auga,hans forskrifter støytte eg ikkje frå meg.

24. For han var eg heil i mi ferd,eg akta meg vel for å synda.

25. Herren lønte meg for mi rettferddå han såg at hendene mine var reine.

26. Du er trufast mot den som er truog heilhjarta mot den som er heil.

Les hele kapitlet Salmane 18