Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 18:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Av Herrens tenar David, som sa fram orda i denne songen for Herren då Herren hadde berga han frå alle fiendane hans og frå Saul.

2. Han sa: Herre, du min styrke, eg har deg kjær.

3. Herren er mitt berg og mi borg og min utfriar,min Gud er fjellet der eg søkjer tilflukt.Han er mitt skjold og mi frelse,min styrke og mitt vern.

4. Eg ropa til Herren, han som får lovsong,og eg vart frelst frå mine fiendar.

5. Dødens band snørte seg om meg,malstraumane skremde meg.

6. Dødsrikets band vart spente om meg,dødens snarer venta meg.

7. I mi naud kalla eg på Herren,eg ropa til min Gud.Han høyrde meg frå sitt tempel,mitt rop nådde hans øyre.

8. Då skalv og skaka jorda,grunnvollane under fjella riste,dei skalv fordi han var harm.

9. Røyk steig opp or hans nase,øydande eld or hans munn,gneistar loga opp frå han.

10. Han bøygde himmelen og steig ned,under føtene hans var mørke skyer.

11. Han reid på kjeruben, han flaugog stupte ned på vindens venger.

12. Han gjorde mørkret til si gøymsle,eit telt av svarte, regntunge skyer.

13. Frå stråleglansen framfor han fór hagl,or skyene kom gloande kol.

14. Herren torna i himmelen,Den høgste lét røysta lyda.Hagl og gloande kol!

15. Han skaut sine piler og spreidde dei,han skremde dei med lyn.

Les hele kapitlet Salmane 18