Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 17:6-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Gud, eg ropar til deg, du som svarar.Vend øyret til meg og høyr mine ord!

7. Vis di underfulle miskunn!Du frelser dei som flyr frå fiendarog søkjer tilflukt ved di høgre hand.

8. Vakta meg som din augnestein,gøym meg i skuggen av dine venger

9. for lovlause som plyndrar meg,for dødsfiendar som kringset meg.

10. Sitt harde hjarte har dei late att,med munnen talar dei hovmodige ord.

11. No omringar dei oss kvar vi går,dei tenkjer å slå meg til jorda.

12. Han liknar ei rovgrisk løve,ei ungløve som ligg på lur.

Les hele kapitlet Salmane 17