Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 17:4-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Kva menneska enn gjorde,vakta eg meg for vegen valdsmenn går,etter ditt ord.

5. Stødig gjekk eg i dine spor,føtene vakla ikkje.

6. Gud, eg ropar til deg, du som svarar.Vend øyret til meg og høyr mine ord!

7. Vis di underfulle miskunn!Du frelser dei som flyr frå fiendarog søkjer tilflukt ved di høgre hand.

8. Vakta meg som din augnestein,gøym meg i skuggen av dine venger

9. for lovlause som plyndrar meg,for dødsfiendar som kringset meg.

10. Sitt harde hjarte har dei late att,med munnen talar dei hovmodige ord.

11. No omringar dei oss kvar vi går,dei tenkjer å slå meg til jorda.

12. Han liknar ei rovgrisk løve,ei ungløve som ligg på lur.

13. Reis deg, Herre!Gå imot han og tving han i kne!Fri meg frå den lovlause med ditt sverd,

14. Herre, fri meg frå menneske med di hand,frå menneske i verdasom har fått si løn i livet.Fyll magen deira med det du har tiltenkt dei,så sønene blir metteog lèt resten gå til sine born!

Les hele kapitlet Salmane 17